Nsr no kunnskap

Resultat fra årets elevundersøking

På same måte som tidlegare viser svara frå elevundersøkinga at elevane trivst og har stort fagleg utbyte av å delta på ENT3R.

92 prosent av elevane seier at dei er fornøgde eller svært fornøgde med ENT3R, og 73 prosent seier at dei har fått betre sjølvtillit i matematikk og realfag. Av elevane frå 10. klasse svarar 39 prosent at dei vil velje T-matte på vidaregåande, og 27 prosent at dei ikkje har bestemt seg enno. 70 prosent av elevane svarar at dei har fått auka kunnskap om studiemoglegheiter innan realfag, og 53 prosent av elevane seier at ENT3R har inspirert dei til vidare studium innan realfag og teknologi.

“Mentorane er gode til å forklare. Eg forstår det vi gjer på skulen mykje betre enn før.”

Vi er svært fornøgde med elevmassen som blir nådd gjennom rekrutteringa til lokalprosjekta. Dei siste åra har det vore fleire jenter enn gutar som deltek på ENT3R, og i 2019 var det 68 prosent jenter som deltok. Dette gjer ENT3R til ein god arena for rekruttering av jenter til realfaglege utdanningar. Samstundes svarar meir enn halvparten av ENT3R-elevane at deira føresette ikkje har utdanning innan realfag og teknologi. Dette gjev dem stort potensiale for å byggje realfagskapital, i tillegg til at dei kanskje har eit større behov for leksehjelp i realfag utanfor heimen.

“At de kan forklare ting litt saktare, slik at vi kan lære det. Og at de kan ta dykk tid til oss, og ikkje forklare ting i hast.”

Det kjem òg fram at mentorane er gode rollemodellar, og heile 93 prosent av elevane seier at dei er fornøgd eller svært fornøgd med mentorane sine. Både tala og tilbakemeldingane frå elevane viser dermed effekten og nytten av ENT3R.

Vi bruker cookies for å sikre deg en best mulig opplevelse. Ved å lukke denne meldingen godtar du vår bruk av cookies. Du kan lese mer om cookies og våre personvernvilkår