Kva gjer ein mentor?
Mentorane og prosjektleiarane er det aller viktigaste med ENT3R. Det er mentorane som møter elevane kvar veke og trenar på realfag. Mentorane fortel elevane om studiet og studiestaden sin og gjer at det kanskje blir litt lettare for elevane å søkje det same seinare.
Mentorane gjev elevane undervisning i realfag, og hjelp til lekser. Arbeidet inkluderer organisering av elevtimar, planlegging og gjennomføring av undervisning innan realfag, og leksehjelp. Alle mentorar får delta på kurs innan matematikkdidaktikk.
Mentorane er engasjerte og dyktige studentar innan realfag som trenar elevane i realfag på ein litt annan måte enn den vanlege klasseromsundervisninga. Mentortimane består av både felles undervisning og ein-til-ein hjelp, og kvart semester blir det arrangert fleire elevkveldar kor realfagsutdanna personar frå næringslivet fortel om jobben og utdanninga si.
Som mentor må du vere fagleg god i matematikk, og generelt glad i realfag, slik at du kan hjelpe elevar på ungdomsskule og vidaregåande skule. Nokre ENT3R-prosjekt tilbyr kun mattetrening, med andre stader tilbyr òg fysikk og naturfagstrening.
Mentorane skal:
- Studere på ei realfagleg linje, til dømes ingeniør eller sivilingeniør – eller andre studium som krev realfag ved opptak
- Ha matematikk i fagkretsen sin på studiet
- I tillegg til undervisninga fortelje om studiekvardagen sin og om korleis dei brukar realfag i studia sine. Derfor er det viktig at personen er open og sosial og har lett for å kommunisere med unge.
- Eit lærerikt arbeidsmiljø med løn på nivå med studentassistentane ved skulen
- Kurs i det å vere rollemodell og realfagsmentor
- Kurs i matematikkdidaktikk
- Høve til og erfaring med å undervise andre og å presentere framfor større grupper
- Tilgang på eit fagleg fellesskap
- Moglegheit til å treffe og høyre presentasjonar frå realfagsutdanna i jobb
- Attest som bekreftar at du har vore ENT3R-mentor i eitt år
Erfaringa som ENT3R-mentor eller prosjektleiar viser seg å vere verdfull når ein søker jobb. Mange tidlegare mentorar fortel at store delar av jobbintervjuet handla om ENT3R og erfaringane derfrå. På den måten kan ENT3R vere svært relevant på CV-en.