Hedda Vik Aaskeland er 23 år gamal, og studerer til kjemiingeniør ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Hedda har tidlegare jobba som digital Ent3r-mentor, og er no prosjektleiar for ENT3R ved HVL.
Kvifor ville du bli ENT3R-mentor?
- Eg ønskte å bli mentor fordi eg hugsar kor mykje eg og andre elevar sleit med matte og naturfag da eg gjekk på ungdomsskulen. Matte og naturfag er fag ein må bruke tid og innsats på! Da eg søkte som mentor håpa eg på å kunne hjelpe elevar med å forstå matte og naturfag, og dermed få glede av å jobbe med realfagsoppgåver.
Kva gjer du når du er digital ENT3R-mentor?
Hedda fortel at når ein jobbar som digital mentor, da bruker ein tid inne på eit digitalt klasserom, kor elevane kan logge seg på og få hjelp når dei treng det. Mentorane tek elevane inn på eit eige chatterom, der dei kan svare på spørsmål ved å forklare muntleg eller vise og forklare oppgåver ved hjelp av eit teiknebrett. Vanlegvis er klasserommet tilgjengeleg i to timar kor to til tre mentorar jobbar saman.
Kva spør elevane om hjelp til?
- Som regel stiller elevane matematiske og naturfaglege spørsmål som er enkle for oss med høgare utdanning å svare på. Spørsmål som omhandlar grunnleggjande kjemi, algebra og målestokk er noko som ofte går igjen.
Er det nokre fordelar med den digitale løysinga framfor den vanlege leksehjelpa på campus?
- Ein fordel med digital løysing er at det er lettare for elevar som har lang reiseveg å bli med i ENT3R, seier Hedda.
Kva saknar du mest med dei ordinære timane?
- Det eg saknar mest med å ha vanleg leksehjelp er å kunne observere gleda elevane får når dei skjønar noko dei syntest var veldig vanskeleg for eit par minutt tilbake.
Kva er det beste med å vere ENT3R-mentor – digitalt eller ikkje?
- Det beste med å vere ENT3R-mentor er å få elevane til å smile når dei endeleg har skjøna noko nytt!